Ny rettskriving i nynorsk i 2012
Kulturdepartementet har fastsett ny rettskriving for nynorsk med verknad frå 1. august 2012. Språkrådet har gjeve ut brosjyren Ny nynorskrettskriving frå 2012 om hovuddraga i den nye rettskrivinga. Du kan laste ned brosjyren og lese meir om endringane i nynorsk her.
Hovudpunkt i den nye rettskrivinga
- Skiljet mellom hovudformer (læreboknormalen) og sideformer (klammeformer) i rettskrivinga er oppheva. Alle former er no jamstilte. Det er ikkje lenger noko skilje mellom kva former elevane kan bruke, og kva former som kan brukast i lærebøker for skulen og i statstenesta.
- Bøyingsverket er enklare enn før ved at fleire kategoriar av ord no kan bøyast på berre ein måte.
- Ein del former, både tidlegare sideformer og hovudformer, er tekne ut av rettskrivinga.
- I mange tilfelle blir valfridommen ståande. Ein del sideformer har vorte gjeldande rettskrivingsformer, og nokre få nye former er tekne inn. I reforma er det lagt vekt på å ta vare på former som er i allmenn bruk blant nynorskbrukarar.
Tiltak som Språkrådet har sett i verk i samband med den nye rettskrivinga
Vi har utarbeidd eit nynorskkurs for elevar i den vidaregåande skulen på nettsidene våre. Vi har òg to interaktive øvingsrom med oppgåver i nynorsk grammatikk og rettskriving: eitt for elevar og eitt for offentleg tilsette. Andre vil også ha nytte av kurset og øvingane.
Vi har gjeve ut brosjyren Ny nynorskrettskriving frå 2012 til skulane om hovuddraga i den nye rettskrivinga.